Hand Tool Headlines

The Woodworking Blogs Aggregator

 

Be sure to visit the Hand Tool Headlines section - scores of my favorite woodworking blogs in one place.  Also, take note of Norse Woodsmith's latest feature, an Online Store, which contains only products I personally recommend.  It is secure and safe, and is powered by Amazon.

Search

Norsk Skottbenk Union

Subscribe to Norsk Skottbenk Union feed Norsk Skottbenk Union
Foreining for fremje av skottbenken, strykebenken og rettbenken
Updated: 2 hours 26 min ago

Skottbenk i Austefjorden i Volda

Mon, 01/09/2017 - 3:02am

Det gjekk rykte om ein skottbenk i Austefjorden. Peter Brennvik hadde fått eit tips av Anders Hunnes om ein benk. Skulle dette bli den første registrerte skottbenken på Sunnmøre?

l1050260-kopiDei to bukkane til skottbenken. Foto: S.K.Holmin.

Den 26. november, 2016 for Kåre Løvoll og eg inn i Austefjorden og såg på to bukkar (Anders var også med). Eigaren meinte bukkane var brukt til å legge veggstokkar i for å ta ut mefar til tømring. Han hadde ikkje sett benken i bruk sjølv. Eigaren viste oss dei to bukkane. Han kjende ikkje til og hadde ikkje sett eller funne langbord som høyrde til benken.

Skottbenken

Bukkane er laga av furu, men delen som held saman dei to føtene er av bjørk. Delane har ikkje nøyaktig like mål. Det er litt variasjon på lenge bredde og tjukkleik på dei like delane. Dei er hogd til ut ifrå eit emne for å passe til bukken. Emna har ein del synleg vankant og er fasa på mange kantar.

Stavane står på ein 51-53 cm lang, ca. 12 cm høg og 15,5 cm brei fot. Denne er hogd til og det er hogd ein fas langs kanten på langsidene på oppsida. Den har margen i. Høgda på bukkane, altså lengde på stavane er 81-86 cm høge, ca 11-12 cm breie og 8-9 cm tjukke. Dei er altså ikkje kappa nøyaktig for å ha lik høgde. Det er marg i tre av stavane og ein har margen ut. Stavane står med avstand 7,5 cm på foten. Dei har tappar nede som går gjennom foten og er festa med ein rund trenagle som er 17-18 mm. Tappane på staven 8-9 cm lange (stavens tjukkleik) og 3 cm breie. Dei er runda på kantane. Så tapphola er truleg laga ved å borre to 3 cm store gjennomgåande hol og så hogd ut i mellom. Stavane er nøyaktig tilpassa flata oppå foten.

l1050264

l1050263Stavane har tappar nede som er tappa ned i foten og festa med trenagler. Foto: S.K.Holmin.

For å halde stavane stødig saman er det eit tverrtre av rund bjørk som går gjennom eit tapphol i begge stavane. Tverrtreet er hogd ned til 4”x1” der det skal gjennom slissen. I enden som stikk ut er det laga eit hol og satt i ein trekile som gjer at staven ikkje kan pressast ut. På den eine bukken har tverrtreet fått ein sprekk i enden, så der er det forsterka med ein oppgangsaga bordbit som er tredd inn på og det er satt inn ein lang jernspiker/bolt som kile.

l1050259-kopiBukken med tverrtre av bjørk. Dette går gjennom tapphol i føtene. Eit bord er tredd inn på enden og festa med ein jernspiker/bolt som kile, som forsterkning, sidan tverrtreet har sprukke. Foto: S.K.Holmin.

Det er hogd ut for langborda i øverste delen av staven. Her er det hogd ut 3,5 cm djupt og 4,5 cm ved står att på staven på 8 cm (mål frå ein stav). Frå botn av utfelling for langbord og opp til toppen av stavane er det 24,5 og 25 cm på eine bukken og 22 og 23 cm på den andre bukken. Så om ein har langbord på om lag 25-27 cm høgde (dei treng kanskje ikkje å ha vore paralelle?) kan ein høvle opp til 12” breie bord. Alt etter kor høg meien er på høvelen. Tverrtret som avgrensar kor breidt bord ein kan høvle, ligg om lag 3 cm lavare enn underkant av langbordet.

Føtene står med 7,5 cm mellomrom på foten. Oppe er det 14-15 cm mellomrom etter at det er tatt ut for langborda. Om langborda er 2” tjukke kan ein høvle i underkant av 2” bord i denne benken. Utan langborda får ein plass til ein dryg 5” stokk. Det var ikkje tydlege spor etter festing av langbord på bukkane.

l1050271-kopiDen andre bukken, der tverrtreet er festa med ein trekile. Vi ser også uthogginga for langborda øverst på stavane. Foto: S.K.Holmin.

På begge bukkane er det spikra på ein bordbit på tvers mellom stavane som går litt høgre enn tverrtreet. Det er skåre ut eit hakk i kvar av desse. Det er uklart kva nytte desse har hatt. Kanskje for å kunne bruke bukkane utan langborda og legge veggtømmer på høgkant i bukkane for å ta ut mefar? Det var ikkje synlege slitasjespor etter dette. Bordbitane er dessutan montert slik at ein kan ha på langborda også. På eine staven er det fora på litt med ei treflis i botn av utfellinga for langbordet for å kome i høgde med bordbiten? Det kan også vere at bordbitane fungerer som ei ekstra avstiving etter at bukkane har vorte slarkete. Bordbitane er oppgangsaga material og spikra med klippspiker.

Om nokon skal lage seg skottbenk på Sunnmøre kan denne vere ein fin modell. Det har truleg vore brukt kilar for å feste bordet i benken, sidan det ikkje er skruar på den. Det er sjeldan å finne originale løysingar på dette. Vi har funne få benkar med originale kilar. Så her må vi ha augene opne, kanskje det dukkar opp fleire skottbenker med langbord og kilar.

Tusen takk til Olav og Anders for triveleg møte.

Og takk til Peter som vidareformidla tipset, og Kåre som vart med.

 

 

 


Categories: Hand Tools

Buskerud sterkare på kartet

Tue, 12/20/2016 - 3:37pm

Vi har gjennom arbeidet med kartlegging av skottbenkar i inn- og utland fått dekt mykje av landet, og med enkelte drypp også i andre land. Det er likevel nokre område som ikkje er så så godt dekt gjennom arbeidet med søk i Norsk Folkeminnesamling og med leiting etter gamle skottbenkar. Buskerud er eit fylke der vi ikkje fann noko særleg om skottbenk i svarmaterialet frå spørjelista om snikkarhandverket i Norsk Folkeminnesamling. Det har heller ikkje kome fram registrerte skottbenkar som har blitt presentert på bloggen. Vi har medlemmar med nybygd skottbenk i Buskerud i Ivar Jørstad i Hurum. Vi har også hatt fleire ekspedisjonar på søk etter kva som måtte finnast av lokale skottbenkar i fylket. Det er ting som tyder på at slike er lokalisert og vil bli presentert på bloggen etterkvart. Det er noko vi ser fram til. Ikkje minst er slikt viktig for lokale handverkarar i Buskerud som då kan få tilgang på eit førebilete som er lokalt når dei skal snikre seg sin eige skottbenk. Sjølv om det ikkje var noko å finne i svarmaterialet på spørjelista om snikkarhandverket, så visar det seg at det i materialet om timbremannshandverket har sneke seg inn detaljerte skildringar av skottbenk, eller “skøttlangbenk”,  frå Sigdal i Buskerud. Det er Andreas Mørch som har skrive svaret, men han har truleg henta inn opplysningar frå lokale handverkarar i sitt område.

Skisse av skøttlangbenk frå svaret til Andreas Mørch. Skisse av skøttlangbenk frå svaret til Andreas Mørch.Andreas skriv:

“Ukshøvl´n har et tverrtre te handtak framma og bak, slekk at ein kan skuve å ein kan dra. Tverrtrea blir kalla hønna. Hondrag te å hondra takbord me, blir nytta ennå. Ukshøvelen kalla dei gjenne bare uksen. 

Skøttukshøvl´n va som ein vanli ukshøvl, men med to lann på. Lanna va spikra under sulen på høvel´n. Skøttukshøvl´n vart bare bruka i langbenken når døm skaut opp golvplank. Langbenken var laga tå to planker som sto på kant, i den eine planken va det tre hell fire treskruvar. Golvplanken vart smetta ned mellom plankane i benken og skruva fast. Den tia va det bare gjennomskørin plank me honkant på. Honkanten va tælt tå føre dom sette´n i benken. Døm sette gølvplanken så passe juft at lanna på høvl´n nådde nedpå plankane i benken nå golvplanken va ferdig. Då va´n rett.”

Skisse av skøttlangbenk av Andreas MørchSkisse av skøttlangbenk av Andreas MørchDen typen benk som Andreas har forklart og teikna kan minne om rettbenken frå Stigums magasin på Norsk Folkemuseum  som Terje Planke har presentert for oss tidlegare. Forklaringa og skissene til Andreas er svært detaljerte og får fram på ein god måte kva dei enkelte delane heiter og korleis benken verkar. Andreas skriv også om gølvhaka i svaret sitt. Han skriv følgjande:

“Hakar var de to slag tå, hellhaka – somme sier hellehaka (Eggedal: hallhaka) og gølvhaka. Hellhakan va te å slå fast stokken me nå´n tælte, te å dra på stokken me nå´n sku godt ne´åt etter møsjinga, og te å feste stokken mea´n medrog. Gølvhaken bruka ein når ikkje planken ville innåt. Nå´n slo gølvhaken sta lu´n, skuva´n planken innåt. Nå´n sku ha oppatt denna hakan, slo´n te´n på rompa, så spratt´n opp tor lu´n.”

Hellhaka og gølvhaka teikna av Andreas MørchHellhaka og gølvhaka teikna av Andreas MørchGolvhakar er det ikkje så ofte ein finn rundt om i landet. Eg har frå før fått Mattias Helje til å smi kopiar av ein gamal golvhake som eg har fått tak i sjølv. Denne typen har ikkje “rompe” som ein kan slå på for å få opp haken. Det kan vere at det dukkar opp fleire typar av golvhakar etterkvart som fleire byrjar å leite etter slike. Ta gjerne kontakt om du kjem over slikt.


Categories: Hand Tools

Nye oppdagingar i Norsk folkeminnesamling

Mon, 12/19/2016 - 9:18am
 Roald RenmælmoHøvling av golvbord på skottbenk. Foto: Roald Renmælmo

Eg har tidlegare skrive ein del om dei funna eg gjort om skottbenken i spørjelistene om snikkarhandverket i Ord og Sed i Norsk folkeminnesamling. Eg rekna med at eg hadde gått gjennom alt av relevante svar i dette materialet i samband med min store gjennomgang og analyse. I førre veke var eg tilbake på Blindern saman med studentar i tradisjonelt bygghandverk, Terje Planke og smedstipendiat Øystein Myhre. Føremålet vårt var å gå gjennom andre spørjelister om smedhandverket, timbremannsyrket og husbygging. Også desse spørjelistene vart sendt ut på 1930-talet og inneheld mykje spennande materiale. Særleg for oss handverkarar er det veldig spennande å sjølv få lese gjennom kva våre forgjengarar har skrive og forklart om sitt handverk i for kring 80 år sidan. I gjennomgangen av dette materialet dukka det faktisk opp eit svar på spørjelista om snikkarhandverket mellom svara om timbremannsyrket. Det var svar frå Olav Furuset frå Jømna ved Elverum. Det har kome inn i 1946 og Olav skriv at han har samla inn stoffet i Bjølsetgrenda ved Jømna stasjon. Det tyder på at han skrive ned etter handverkarar som ikkje er namngjevne i svaret hans, men som han har vurdert som kunnskapsrike innan dette fagområdet.

Olav Furuset skriv dette som svar på spørsmålet om høvelbenken:

“Når dei arbeidte bord brukte dei plogbenk. Det var to stabber med eit skår i. I dette sette ein 2 plankar. Den eine feste dei i skårsida i stabben. Den andre var laus. Millom desse to plankane la dei bordet dei skulle arbeide. Så slo dei kilen mellom det lause bordet og sida på skåret i stabben. Fyrst teljet dei tå med øks det grøvste. Fyrst risse dei sjølvsagt op så dei hadde noko å halde seg ette. Etter teljinga skjøt dei tå resten med skjøtoksen. Skulde dei så laga pløyde bord brukte dei not og fjørplog. Etterpå strøk dei av kvasskantane med semshøvel. Nå dei så hadde laga staffen var dei ferdige med bordet.”

Det han nemner som plogbenk verkar å ha sett ut og verka noko tilsvarande som benken som eg har skrive om frå Lima i Sverige. Etter beskrivelsen var nok stabbane av noko liknande utforming. Beskrivelsen frå Jømna er nok den som geografisk ligg nærast Lima av alle spørjelistesvara i Norsk Folkeminnesamling. Det er ca 16 mil å kjøre mellom Lima og Jømna, men det har vore ein del kontakt og handel mellom folk i desse områda tidlegare. Det er derfor ikkje spesielt merkeleg at det er slektskap mellom skottbenkane (plogbenkane) i dette området. Artig er det også at Olav har med mange ord i forklaringa si om korleis benken vart brukt. Han får også med at dei brukte semshøvel til å stryke av kvasskantane. Dette er noko som eg har sett spor etter på gamle golvbord i Målselv og andre stader så det var artig å sjå at det også er beskrive i tekst.

 Roald RenmælmoKanting av golvbord, eller som Olav Furuset skriv, “telje tå det grøvste med øks”. Her er bordet snorslått med sotsnor for å få nokolunde rett kant. Foto: Roald Renmælmo

 

 


Categories: Hand Tools